Monday, July 24, 2006

 


No sit eg her med mi kjære veninde Marianne og duftar så godt som hundre rosar i medvind ( vel og merka utan sprøytemiddel). Me nyt sumarskvelden og har fått i oss heimalaga brød og nyrøra blåbærsyltetøy og då var eg i ekstase ( for det er ikkje mykje som er betre enn dette). Marianne sin far har akkurat kome til rette, etter å åte opp ein stor del blåbæra i Rimbareidskogjen då han gjekk for å bada. Han nynnar lystig ute på kjøkkenet, godt nøgd med fangsten,: "mmm blåbærsylta didai di dei". Eg vonar i mitt indre at han har spara litt slik at eg også kan beita der ein av dagane før alle sumarsdagane er bruka opp.Marianne nynnar "I just wanna feel real love", medan ho snyter seg fortvila i gensaren min. Ein smule oppgjeven over det motsatte kjønn? Draumekaren er der nok ute ein stad.. Ein ting er sikkert, han har nynorsk utgåva av Snorres kongesoger.

Eders Mari

No kneggar Marianne nøgd medan ho flyg rundt i stova og piskar på nokre stakkars forsvarslause flåger

This page is powered by Blogger. Isn't yours?